Vellukka studentarrangement: e-Helsepitch
e-Helsepitch for studentar i Førde.
— Det skjer mykje spennande når studentar frå sjukepleie, IT, byggingeniør, automasjonsingeniør og elkraft møtest i kreative prosessar for å kome fram til nye løysingar på viktige utfordringar i helsesektoren, seier Gro Rukan, forretningsutviklar ved Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.
Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Helse Vest IKT og Sunnfjord Utvikling arrangerte 9.-11. april e-Helsepitch, i lag med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane i dei nye lokala til PEAK Sunnfjord. Studentar frå ulike fagretningar skulle i tverrfaglege team kome fram til ei løysing på ei konkret utfordring gitt av Helse Vest IKT og Helse Førde.
Kom tomhendte – utvikla digital løysing for KOLS-pasientar
«Korleis kan ny digital teknologi gje KOLS-pasientar auka meistring i kvardagen?», var utfordringa studentane fekk. Dei vart sett saman i tverrfaglege team, fekk introduksjon til innovasjon og gode, kreative arbeidsmetodar og var deretter klare for ein dag med intensiv jobbing før dei skulle pitche løysinga si den tredje dagen.
— Løysinga trong ikkje vere mogleg å gjennomføre med dagens teknologi, og studentane måtte ikkje ta omsyn til eventuelle avgrensingar i dagens regelverk, forklarar Judith Bragelien frå HVL.
Utfordringa tok utgangspunkt i to innovasjonsprosjekt i Helse Vest: Helsetanken.no (Helse Vest IKT) og «Pust deg betre» (Helse Førde). Helsetanken er ein database som gjev grunnlag for innovasjonsarbeid innan e-Helse. I «Pust deg betre»-prosjektet utviklast ein webapplikasjon for lungesjukdom, og prosjektet er i pre-inkubasjon hos KPSF. Dette verktøyet vert utvikla av spesialfysioterapeut Elin Johnsen i lag med teknologiselskapet Haptiq.
Juryen til e-Helsepitch bestod av representantar frå Helse Vest IKT, Helse Førde, Haptiq og HVL. Jurymedlemmane ga studentane konstruktiv tilbakemelding på arbeidet, basert på følgjande kriterier: gevinst for pasienten, kreativitet og nytenkning, og potensial for innsparing for Helsevesenet.
— Intensivt, lærerikt og ein utruleg moro måte å jobbe på, seier Rukan, som har fått svært gode tilbakemeldingar på arrangementet. Ho nemnar også at ein positiv bi-effekt ved slike arrangement er kulturbygging mellom arrangørane, som i dette tilfellet bestod av representantar frå både Hordaland og Sogn og Fjordane.
Er du student og gikk glipp av dette arrangementet?
E-Helsepitchen er gjennomført som del av KPSF si særskilte rolle som tilretteleggar for entreprenørskapsaktivitetar for studentar ved HVL i Sogn og Fjordane. Prosjektet er i startgropa, og er del av eit treårig prosjekt med Mohnsenteret ved HVL. Mohnsenteret forskar på, underviser om og legg til rette for innovasjon og entreprenørskap.
— Vi har mange spennande og morosame arrangement på blokka utover hausten, som ulike idémeisterskap/hackatons, innovasjonsfrukostar, utfordringar frå næringslivet, motivasjonsforedrag og mykje meir. Føremålet er å knyte nettverk mellom studentar, ulike fagretningar og næringsliv, så her er det er berre å følge med framover, oppmodar Rukan.