Studietur til Kalvåg og Knutholmen 28.-30.Oktober
Kan ein lære noko av kva andre har gjort?
Ja!
Vi har mykje å lære av kvarandre, og bedriftene i regionen vi bur i sit med viktig kunnskap og erfaring som alle kan trenge.
På denne studieturen får vi blant anna historier om generasjonsskifte, drastiske snuoperasjonar og korleis andre har lukkast ved å nytte dei ressursane ein har, optimalt.
Knutholmen er den perfekte staden for mennesker å møtast og å bygge relasjonar på tvers av bransjar og interesser, men dei har og ei unik historie. Bli med å sjå korleis dei har bygd opp eit konsept rundt nettopp historia. Alt frå korleis hotellromma er utforma, til korleis dei nyttar den gamle busettinga til historievandring, ølsmaking og andre aktivitetar.
Uansett segment og bransje så vil du lære noko her.
Kultur, leiing og konseptutvikling!
Vi har med oss ein av Noregs mest ettertrakta foredragshaldar innan kultur og leiing – Sigurd Granmark. Han tek oss igjennom store spørsmål som “Kva kan eg lære av andre”, “Kvifor er det viktig med samarbeid” “Korleis få med seg sine tilsette” og “korleis lede i endring”
Program
Pris
Målbedrifter i Næringshageprogrammet region Sunnfjord og Inkubatorbedrifter i inkubatorprogrammet til Kunnskapsparken Vestland får innovasjonsstøtte på turen.
Bedriftar utanfor Næringshageprogrammet og Inkubatorprogrammet er velkommen til å bli med, men må då betale fullpris for turen eller bli medlem.
Påmelding
Påmelding direkte til
Sigrid Førde
sigrid@kpvest.no
tlf:400 21 567