Samling på Skei for grøn omstilling i byggebransjen

Tysdag 6. desember kom nærmare 50 personar saman på Skei for fagleg påfyll og inspirasjon. Tema på agendaen var grøn omstilling i byggebransjen. Deltakarane var ei variert gruppe med både arkitektar, entreprenørar, offentlege og private byggherrar, representantar frå verkemiddelapparatet og utdanningssektoren. Dette la grunnlag  for interessante refleksjonar og samtalar.

Vi fekk 10 flotte presentasjonar med variert innhald frå både lokale aktørar og besøkande utanbysfrå.

 

Bjørn Kummeneje fra Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)

 

Bjørn Kummeneje (DFØ) innleia dagen med å drøfte ulike kjelder til krav og forventningar. Han påpeika at vi ikkje berre må sjå til rettslege lovkrav, men også reflektere over forventningar frå leigetakarar, investorar, og etiske problemstillingar. Han poengterte vidare at dei formelle lovkrava ikkje er særleg strenge per i dag, og at bransjeaktørane sjølv må leda an viss dei vil sjå endring.

Hallvard Thomassen (SIMAS) og Christina Skancke Sørheim (Arkitektkontoret 4B) tok oss med gjennom prosessen med å planleggje og bygge Luster miljøpark, eit lokalt døme på korleis ein kan ta miljøomsyn og bruke materialar om att i funksjonelle byggeprosjekt. Dei fortalte frå kvart sitt perspektiv, Hallvard som byggherre, og Christina som arkitekt.

Christina Skancke Sørheim i Arkitektkontoret 4B

Annette Lyngesen (Arcasa Arkitekter), Line Røseth Karlsen (Höegh Eiendom) og Lyder Hole (Haandverkerne AS) delte erfaringar og refleksjonar frå større prosjekter i Oslo. Medan Annette og Lyder fortalte om prosjekt med høgt fokus på materialombruk, fortalte Line om korleis ein kan planlegge for demontering og tilpassingar under design og bygging av eit bygg.

Malin Karlsson (DFØ) fortalte om korleis kommunar og andre offentlege aktørar i større grad kan opna for innovasjon, nytenking og stimulere til samarbeid med oppstartsbedrifter om utvikling av innovative  løysingar. Dette kan like mykje vere innovative løysingar i delprosjekt som i større heile prosjekt. Slik oppdeling kan gjere det lettare å kome i gang.

Dagen blei avslutta med innlegg frå Anna Barnwell (ENOVA) og Rune Henjesand (Innovasjon Norge) som fortalte om ulike moglegheiter for finansiell stønad, og oppfordra deltakarane til å ta kontakt for vidare informasjon og hjelp.

Undervegs var det og sett av tid til refleksjon mellom deltakarane. Fleire ga uttrykk for at samarbeid og møteplassar for informasjonsdeling og diskusjonar er ein del av løysinga for ei grønare byggenæring framover. Videre kom fleire med ynskjer om meir forutsigbarheit og styring gjennom lovkrav, forskrifter og retningslinjer som konkrete signal frå politikarar og offentlege aktørar.

 

«Å møtast og snakke saman på tvers av sektorar er helt nødvendig om vi skal få til endring. Det var veldig kjekt å sjå at praten gjekk. Folk ga uttrykk for at dei sette pris på å få ei møtearena»,  fortel Lea Myklebust som har hatt ansvar for planlegging og gjennomføring av seminaret.

 
 
 

 

Viktige punkt som kom fram i refleksjonane er:

  • Det er mykje usikkerheit kring økonomien i prosjekt med fokus på grøn omstilling.

  • Vi treng byggherrar som er villige til å etterspørje miljøløysningar i prosjekt. Offentlege byggherrar oppfordrast til å gå føre og vise veg.

  • Det er behov for ombruksstasjon for mellomlagring og tilgang til ombruksmaterialar.

  • Det er ønskjeleg med flere tverrfaglige møteplasser for aktører i byggebransjen og meir samarbeid

  • Dei som var med er motiverte og nysgjerrige, og vil gjerne implementere fleire miljøtiltak i sine prosjekt.

 

«Kollega Jøril Hovland og eg har fått påfyll av motivasjon og inspirasjon. Det var kjekt å høyre frå deltakarane at dei fekk utbytte av seminaret. Vi ser fram imot å fortsette å jobbe for grøn omstilling i byggebransjen og veit at vi har mange aktørar med oss på laget», fortel Myklebust.