Rekkje Stiutvikling tar eit steg vidare
Den tidlegare inkubator-bedrifta Rekkje Stiutvikling er klare for å profesjonalisere drifta ytterlegare. No er dei på jakt etter ny dagleg leiar.
Rekkje Stiutvikling blei starta av gründer Roald Eidsheim i 2014. Roald blei fort ein del av pre-inkubasjon hos Kunnskapsparken, og gjekk vidare til tre år i inkubatorordnina. Det betydde mellom anna rådgjeving, nettverk, midlar og kontorplass for å utvikle Rekkje vidare.
Fulle ordrebøker og stadig profesjonalisering
I dag byggjer Rekkje Stiutvikling sykkelstiar og pumptracks over heile Norge. Dei har heile vegen trudd på idéen om å byggje berekraftige stiar, som toler hard bruk og legg til rette for syklistar.
No er ordrebøkene fulle, og for å kunne realisere fleire av prosjekta dei har jobba fram, er dei i ein prosess med å dele opp selskapet i to avdelingar, med eigne avdelingsleiarar og fagansvarlege.
Då treng dei óg ein ny dagleg leiar, som skal ha det overordna ansvaret for drift og vidare utvikling av selskapet.
Les heile pressemeldinga på rekkje.no
– Mykje kompetanse og lidenskap
Vi i Kunnskapsparken synest det har vore spennande å følgje Rekkje frå idéstadiet til ei bedrift som no står på eigne bein.
– Roald kom til oss med mykje kompetanse og lidenskap. Han hadde ein forretningsidé vi fant veldig spennande. Han såg at tursykling var ein stor og voksande trend i utlandet, og at dette ville bre seg til Noreg, fortel Hilde Grinde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.
Vi er særs glad for å ha Rekkje rundt oss, som inspirator og erfaringsformidlar til gründermiljøet på Campus Sogndal. Og så er det jo ekstra gledeleg at selskapet vekst og skapar verdiar i vår region.