Lokalt næringsliv med på forskingsprosjekt
Teknoløft Sogn og Fjordane har fått 40 millionar til å bygge eit sterkt forskings- og utdanningsmiljø som er relevant for næringslivet i fylket.
I Teknoløft skal det byggjast eit sterkare teknologisk forsking- og utdanningsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet og i Vestlandsforsking.
– Vi skal byggje opp kapasiteten. Vi skal tilsette fleire professorar, doktorgradstipendiatar og utarbeide nye fagtilbod ved Høgskulen. Vi skal auke kompetansen for å tilby den til bedriftene i fylket, fortel Erik Kyrkjebø ved HVL, leiar for prosjektet.
To fokusområde
Teknoløftet har to fokusområde:
Tilby bedrifter etter- og vidareutdanning, for å auke kunnskapen.
Forske på spesifikke problemstillingar som bedrifter har.
Vi treng bedriftene til å være frampå innan begge områda. Ønskjer dei kompetanse på eitt område, kan vi til dømes bygge opp eit tilbod. Kjem bedriftene med gode problemstillingar, kan vi finne meir relevante forskingsresultat.
– Vi etterlyser no slike problemstillingar hos bedrifter, som stipendiatane og andre i prosjektet kan ta utgangspunkt i, fortel Kyrkjebø.
Andre område prosjektet kan hjelpa med, kan vere problemstillingar korleis store datamengder i bedrifta kunne vore nytta, eller om ein treng å vite meir om digitalisering og robotisering. For sistnemnde er fokuset korleis robotar kan arbeide saman med menneska, avlaste ved tunge løft, utføre gjentakande arbeidsoperasjonar eller liknande.
Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Ei rekkje bedrifter er med i arbeidet, både som referansebedrifter og medlemmar av styringsgruppa. I tillegg er Kunnskapsparken og Sintef med i samarbeidet som skal gå fram til 2024.
Kunnskapsparken si rolle
Kunnskapsparken skal vere kanal og budbringar ut til næringslivet og vice versa. Vi har tett kontakt med næringshagar, kommunane sine næringsselskap- og tilsette, og vi har nettverk i ulike bransjar i næringslivet i fylket.
– Saman med forretningskompetanse og verktøya vi kan tilby, skal vi bidra til forskingsinitierte innovasjonar og nye bedrifter, og at eksisterande bedrifter får forskingsbasert kunnskap som dei kan bruke i si utvikling, forklarer Jøril Hovland i Kunnskapsparken.
En del bedrifter i fylket har allereie vore med som støttespelar i prosjektutviklinga, men Teknoløftet vil ha med fleire.
– Det er ikkje ein eksklusiv klubb dette. Vi vil ha med alle bedrifter som ser eit behov for digitalisering og robotisering, enten du helde til i Måløy eller i Årdal, fortel Erik Kyrkjebø.
Første seminar på Skei
7. november vil det bli arrangert seminar for alle i næringslivet som er interessert i dette. Her er referansegruppa, styringsgruppa og alle interesserte frå næringslivet invitert til å drøfte behova for etter- og vidareutdanningstilbod i næringslivet, studentoppgåver, kva relevante case stipendiatane i prosjektet kan bruke i sine forskingsprosjekt, og kva andre mogleg former for samarbeid næringslivet ynskjer mot prosjektet.
Er du nysgjerrig på å vite meir? Sjå på linkane under, eller kontakt joeril@kpsf.no
Les meir om prosjektet: