Lokale konsekvensar av vasskraftanlegg i høgfjellet
I kjølvatnet av alle typar naturinngrep vil lokalmiljøet oppleve både positive og negative følgjer.
Som vi skal sjå, vil utbygging av fornybar energi i høgfjellet, vasskraftutbygging, ofte få konsekvensar for landskap og natur. Vasskraftutbygging gjev tilgang til rein energi, men samstundes fører slik utbygging til store landskapsinngrep.
Overskotsmateriale frå kilometerlange tunnelar i fjellet som leiar vatn til turbinane, vert liggande som store steintippar av utskoten fjellmasse i open og sårbar fjellnatur.
Utbyggingskonsesjonane inneheld krav om å redusere desse synlege inngrepa, til dømes gjennom etablering av vegetasjonsdekke over steintippane. Konkrete tiltak for dei ulike anlegga er beskrive i dei ulike konsesjonane og kan omfatte krav om å legge på jord, så til med innkjøpte grasfrø, gjødsle steintippane, eller plante dei til med stiklingar av buskar eller andre plantar. Dessverre har desse tiltaka vist seg å ha liten effekt. Ei rekke av steintippane ligg som ørkenar og er framleis er like synlege etter mange ti-år. Tiltaka som er skildra i konsesjonane, har ikkje hatt ønskt effekt.
På leit etter ny kunnskap
I RELEASE ser forskarane på denne problemstillinga, men med ei anna tilnærming. Utgangspunktet deira er å finne ut korleis ein best kan leggje til rette for at plantene som veks rundt steintippane, skal greie å vandre inn og kle steintippane. For å skjøne dette, samlar dei kunnskap om korleis dei lokale fjellplantene spreier seg på naturleg vis, og stiller spørsmålet om det er muleg å leggje til rette for at lokale artar skal kunne vandre inn og etablere seg på steintippane.
Kan det til dømes vere mangel på frø frå omgjevnadane som er årsaka til at steintippane ligg aude, og er det i så fall naudsynt med ekstern tilførsel av frø? Eller er steintippane utforma slik at dei gjev alt for dårleg spiregrunnlag for frø som bles inn frå eksisterande vegetasjon rundt? PhD-stipendiat Jan Sulavik har henta inn jordprøvar frå omgjevnadane rundt steintippane og sett til spiring i vekstrom med regulert vatn, lys og temperatur. Han har stelt godt med plantene som har spirt frå frø i desse jordprøvane, og registrert kva for arter som har spiredyktige frø som er lagra i jorda, og som ventar på sin sjanse til å spire og vekse.
Ny utforming
Saman med ny kunnskap om spreiing og spiring av fjellplanter, gjev forskinga i RELEASE kunnskap om korleis framtidige steintippar kan utformast for at lokale plantar lettare skal kunne etablere seg og kle steintippane. Utforming av steintippane og lagring og tilbakeføring av avskava jord på staden, kan kanskje erstatte meir kostnadskrevjande tiltak og gje betre resultat. Denne kunnskapen er forskarane i RELEASE på leit etter, og forhåpentlegvis kan den bidra til å redusere langvarige sår i naturen og spare utbyggjarane for kostnader.
Om RELEASE
RELEASE er HVL sitt tverrfaglege strategiske forskingsprosjekt som har som mål å auke kunnskapen om dei lokale konsekvensane av produksjon av fornybar energi for økonomi, samfunn og miljø, sett utifrå eit bærekraftig perspektiv. Forskingsprosjektet er internasjonalt med forskarar frå universiteta i Nijmegen i Nerland, Aaborg i Danmark og Oxford i England. I tillegg deltek CICERO, Universitetet i Oslo og NTNU med forskarar.