Sport er gøy – også på internett!
Inkubatorbedrifta Sport Is Fun er no komen i brukartestfasen og utviklar nye modular til si sosiale plattform for organisering og planlegging av idrettsaktivitetar.
(Foto: Tore F. Lie, Falkeblikk.no )
Det er sogningane Steinar Bukve Witsø og Leif Erik England Bergum som no kombinerer eiga idrettsinteresse med utviklarkompetanse og gründervilje i selskapet Sport Is Fun.
– Forretningsideen vår er å skape ein sosial møteplass på internett for sports- og idrettsinteresserte på alle nivå. Her skal ein kunne organisere og dra i gang aktivitetar og arrangement, hente og leggje ut informasjon og få god underhaldningsverdi samstundes som ein byggjer nettverk med likesinna, seier dagleg leiar Steinar Bukve Witsø.
På nyåret 2011 var forretningsidéen såpass godt utvikla at dei vart tekne opp i Fjord Inkubator, der dei no får vidare rettleiing av støttespelarar i og kring Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Bedrifta flytta inn på Fosshaugane Campus 1. april.
Gründerane håpar at deira nettløysing vil bidra til idrettsglede for dei som på ulike måtar er knytt til lag- og individuell idrett, både organisert og uorganisert.
– Vi legg opp til å dekke fleire behov, frå enklare treningsplanlegging for enkeltpersonar via gode trenarverktøy til informasjon og publisitet kring arrangement. Det sosiale elementet gjer det også svært interessant for supporterar, foreldre og andre idrettsinteresserte, seier Witsø.
Ei utfordring for alle gründerar er å synleggjere inntektspotensialet; korleis tene pengar på idéen. Sport Is Fun si løysing skal finansierast med ein kombinasjon av reklameinntekter og betalt innhald.
– Eit nisjenettverk som Sport Is Fun vil vere ein attraktiv arena for annonsørar. Fleire og fleire får no auga opp for verdien av målretta marknadsføring på internett, og bedrifter som td. sel sports- og idrettsutstyr vil kunne annonsere direkte mot sine respektive brukargrupper. I tillegg skal vi utvikle godt innhald som brukarane finn interessant nok til at dei vil betale for tilgang til lukka område, seier han.
Witsø er glad for at dei no får god støtte og rettleiing frå inkubatormiljøet på Campus i det vidare arbeidet med brukartesting og vidareutvikling. Lanseringsdatoen er sett til august 2011, med ei gradvis opptrapping frå lokalt nivå til internasjonalisering.
– Berre dét at folk har trua og satsar på oss er ei sterk inspirasjonskjelde for å halde trykket oppe framover, avsluttar Bukve Witsø.