Få pengestønad i ein tidleg fase
Er du gründer eller ei bedrift med ein god idé? Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 26. mars.
Har du ein god idé? Ei ny teneste eller eit nytt produkt? Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane ønskjer å hjelpe gode idéar og tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kronar per prosjekt.
Om næringsfondet
Næringsfondet skal gi fødselshjelp til nyskapande og framtidsretta idear i ein tidleg fase. Dette gjeld både gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg. Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.
Kva får ein stønad til?
Stiftinga skal gi stønad til idear i ein tidleg fase – som ofte er kritisk – før dei får vidare hjelp i verkemiddelapparatet, som til dømes Innovasjon Norge.
Typiske aktivitetar ein kan få stønad til er:
utgifter til marknadsundersøkingar
produktutvikling
utarbeiding av forretningsplan
utgifter til etableringsrettleiing
utvikling av prototypar
Les meir om fondet her!
Spørsmål? Kontakt Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane: 482 19 780, e-post: joeril@kpsf.no
Skriftleg søknad:
Sparebanken Vest sitt Næringsstifting for Sogn og Fjordane
c/o Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal
Hugs søknadsfristen 26. mars!