Er fornybare energiprosjekt lokalt bærekraftige?
Dei tyske forskarane Jana og August har flytta til Sogndal for å være med i Høgskulen sitt store forskingsprosjekt Release.
«Release» set fokus på verknader anlegg for produksjon av fornybar energi har på lokalsamfunnet rundt.
Spørsmålet er: er prosjekta bærekraftige når effektane på miljø, økonomi og samfunn vert vurdert under eitt?
Det omfattande forskingsprosjektet er finansiert av Forskingsrådet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Energi og Fylkeskommunen, i tillegg til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Tverrfagleg tilnærming
Prosjektet starta hausten 2014, og har vore i full drift heile 2015.
Med fire fulltidstilsette forskarar frå Tyskland, Slovakia og Noreg, og 7 tilsett på Høgskulen, 1 CICERO-forskar og Kunnskapsparken med aktive deltakarar i ulike stillingsprosentar, har aktivitetsnivået vore høgt.
I tillegg har prosjektet knytt til seg professorkompetanse frå Oxford University, universitetet i Aalborg, Nijmegen universitet i Nederland og Universitetet i Oslo. I mai i år møtets alle til eit svært vellukka kick-off seminar i Fjærland.
Arbeidet har med andre ord høgt aktivitetsnivå, stor breidde og utstrakt internasjonalt tilsnitt.
Fysikarane frå Tyskland
Jana Schwanitz og mannen August Wierling flytta til Sogndal seinvinteren 2015, direkte frå fullført oppdrag i Japan. Dei har begge doktorgrad i fysikk, og er fødd og oppvaksne i Tyskland. Jana er frå det tidlegare Aust-Tyskland og August er frå ein liten by nær grensa til Nederland. Dei siste åra har dei farta rundt og jobba med prosjekt både i Egypt, Estland og USA innan ulike område. Gjennomgåande tema i forskinga deira er grøn- og bærekraftig økonomi.
Jobbar saman som ektepar
For Jana er fysikk, matematikk og statistikk arbeidsreiskapen. I tillegg har ho ektemannen August, som er innleigd i prosjektet som ein ekstra ressurs. Han har studert kjernefysikk og skal bidra med statistiske data. I doktorgradsavhandlinga si for 15 år sidan, jobba han med temaet sol og talet partiklar som kjem frå sola. Den gangen var dette eit uløyst problem. Nobelprisvinnar i fysikk 2015 løyste problemet, og ein ørliten del av den løysinga er basert på August sitt arbeid.
Begge har matematisk fagbakgrunn i botnen og lang erfaring i bruk av matematiske modellar. Det gir kvalifisert kunnskap inn i forskinga. Men dei er begge bevisst på at ein ikkje kan stole for mykje på slike tal, og understrekar at styrken med forskingsprosjektet Release er den tverrfagleg tilnærminga og kompetansen.
Bærekraft som lim i prosjektet
I Release tek Jana utgangspunkt i omgrepet bærekraft, og vil jobbe med korleis det kan brukast lokalt. Dvs på konkrete vindkraft- vasskraft eller solkraft-prosjekt, eller på ein kommune eller region. Dette er ei utfordring sidan bærekraft i utgangspunktet er eit globalt omgrep. Spørsmålet som dette prosjektet stiller er om summen av bærekraftige prosjekt vil bidra til ei global bærekraftig utvikling. Er det muleg, eller praktisk gjennomførbart, å nedskalere dette omgrepet og bruke det på avgrensa område og prosjekt?
Jana kjem til å avdekke mønster for korleis ting heng saman, med utgangpunkt i økonomiske modellar og statistikk. Tidligare har ho jobba med investeringar i offshore-teknologien og modellar for klimaendringar og natursystem, og sett på korleis desse er kopla til kvarandre. Release handlar nettopp om samanhengar og konsekvensar frå fleire perspektiv, så med denne kunnskapen er ho ein sterk bidragsytar.
Har fornybar energi ei bakside?
Vasskraft er fornybart og anerkjent som bærekraftig. Men det krev store inngrep i naturen som påverkar blant anna landskapet og vassystem lokalt. Desse inngrepa har ein kostnad, men dei er likevel nødvendige om vi skal få tilstrekkeleg med straumtilgang for å forsyne innbyggjarane og få vekst i samfunnet.
Ved å samanfatte tilgjengelege data, kan ein avdekke flaskehalsar og truslar, og bygge kunnskap som kan brukast i planlegging av nye energisystem. Ein kan sjå kva område som har potensiale for energiproduksjon, med god infrastruktur. Ein kan kartlegge viktige natursystem og tilgjengelegheit for kommunar og folk i området. Samfunn må ha straum, og då kan kunnskapen denne forskinga kreerer vere verdifull for planlegginga av ei ynskja framtid.
Det er likevel viktig å hugse at dette ikkje er eksakt vitskap. Resultatet frå forskinga kan samanliknast med ei vêrmelding, der temperaturen t.d. blir meldt til minus sju grader, med ein margin på pluss/minus to grader. Ved bruk av matematiske og statistiske verktøy, kan forskarane avdekke moglegheiter for kva som kan skje, innafor ei avgrensa sone av usikkerheit.
Held på ut 2017
I Release er det engasjert forskarar innafor fagområda: restaureringsøkologi, økonomi og sosiale konsekvensar for lokalsamfunn rundt anlegg for produksjon av fornybar energi.
Når arbeidet er avslutta ved utgangen av 2017, kan forskarane t.d. skissere eventuelle konsekvensar av å utrydde biologiske artar når framtida er usikker og vala vi har gjort er irreversible.
Professor Erling Holden (HiSF) er leiar for prosjektet, i tillegg til at han har det faglege overordna ansvaret for forskinga rundt bærekraft-omgrepet.
Vi kjem tilbake med fleire artiklar der dei andre gruppene og bidragsytarane blir presentert framover.
Les meir om prosjektet: https://www.hisf.no/nn/renewable-energy-projects-local-impacts-and-sustainability-release