Tidlegare vinnare

 
 

Med bedrifta si Me Syr vil Moa at vi skal kunna behalda kleda våre lengre gjennom å tilby reparasjon.

Moa vant Fjellpitch 2023 med bedrifta Me Syr. Ho har ein innovativ forretningsidé og vil gjere reparasjon lettare tilgjengeleg for både bedrifter og privatpersonar i Sogn. Ho var både spent og nysgjerrig i forkant av Fjellpitch.

Moa Terjesdotter Eriksson

«Eg var spent på korleis det skulle vere å pitche idéen foran juryen og publikum, og sjølvsagt nysgjerrig på dei andre pitcherane og deira idéar. Sjølv om eg hadde fullt av nervar i kroppen så klarte arrangørane og gjesteforelesarane (Tore og Kjetil) å spreie ro i lokalet med oppmuntrande ord og morosame erfaringar dei har gjort seg som gründare»

Når vi spurte Moa om tips til dei som kanskje sitt med ein idé og lurer på om dei skal bli med neste år så har ho svaret klart: «Meld deg på!»

« Det var ei lærerik oppleving. Eg fekk god vegleding i forkant og masse gode tilbakemeldingar både frå juryen og dei andre pitchedeltakarane. For meg var det og veldig positivt at nokre av dei andre pitchedeltakarane potensielt kan bli gode samarbeidspartnarar» fortsett Moa.

I 2021 vant Heidi Aabrekk konkurransen på Fjellpitch med forretningsidéen sin om ei enklare og meir næringsrik løysning av sondemat. Ho fortel om korleis prosessen etter sigeren har vore på følgjande måte: 

 

Heidi Aabrekk

«Det var sjølve startskotet på den brattaste og raskaste læringskorga som eg har hatt i heile mitt liv. Det betyr at vi no allereie produserer råvarebasert sondemat og inviterer menneske med tygge- og svelgevanskar til å teste ut produkta våre. Vi håpar at vi allereie hausten 2023 kan ha varer for kommersielt sal. Så bli med på Fjellpitch! Det kan verkeleg få fart på den idéen som du har»



 

Også Kjetil Russenes har tidlegare vunne pitchekonkurransen. Han fortalde der at han ynskte å starte eit kaffibrenneri.

Russenes sin idé kan du lese meir om her: sognefjordkaffibrenneri.no.

Kjetil Russenes

- «Eg greidde å overtyde juryen om at det her var ein god idé. Eg vann og fekk den vetle «dytten» eg trong for å kome i gong med prosjektet mitt. Så no driv eg og brenn kaffi på heiltid, og synest det er heil topp. Og eg synest at viss du har ein idé som er god, eller berre ein idé, så bør du melde deg på Fjellpitch»

 
 

Vi oppmodar alle ambisiøse gründerar til å delta i Fjellpitch-konkurransen og dele dei unike forretningsidéane sine med oss. Lukke til!