Velkommen til Fjellpitch, ein spennande konkurranse for lokale gründarar! Vi ser fram til å motta kreative og innovative forretningsidéar frå du som ønsker å markere deg i næringslivet.

Pitch din idé og kickstart karrieren under Fjellpitch 2024! Vinnaren stikker av med en premie til en verdi av kr 50.000,-

Målgruppe:

Fjellpitch er open for enkeltpersonar eller team som har ein nyskapande forretningsidé og ønsker å ta steget inn i gründerverda. For å kunne delta, må deltakarane ikkje vere ein del av eit inkubatorprogram eller næringshageprogram. Konkurransen er retta mot dei som søkjer å etablere seg sjølvstendig.

Tid og stad

Fjellpitch 2024 blir arrangert på Campus Sogndal den 22. februar 2024 kl 08:00 til 13:00. 

Mat og drikke
Det blir servert frukost på starten av arrangementet. I tillegg er det naturlegvis kaffi og te samt litt snacks under arrangementet. Pitcherane får servert pizza på slutten av arrangementet.

Arrangørar

Fjellpitch blir arrangert av Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland & HVL Skape. Arrangementet er støttet av Sparebanken Sogn og Fjordane, PwC og Gasta

Påmelding

Arrangementet er gratis.

  • Meld deg på som pitchar ved å trykke her

  • Meld deg på som tilskuar ved å trykke her

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med ein av arrangørane:

Bård Basberg, Sogn Næring -
bard@sognnaring.no
Stig Ove Rygg, Kunnskapsparken Vestland -
stig@kpvest.no
Ida Brastad Ramsfjell, HVL Skape -
ida.brastad.ramsfjell@hvl.no