Retningslinjar for påmelding

Firmaets status

Deltakarar må representere ein forretningsidé eller eit selskap som har vore etablert i mindre enn to år ved påmeldingstidspunktet. Dette gjeld for å sikre at konkurransen gir moglegheit for nystartede bedrifter å få naudsynt støtte og merksemd.

Påmelding

Påmelding her

Frist for påmelding er torsdag 15. februar 2024. Alle pitcherar blir kontakta 16. februar 2024, og dei som får plass i konkurransen får beskjed om dette. Pitchetrening blir sett opp måndag 19. februar og tysdag 20. februar 2024.

Påmeldingsskjemaet må fyllast ut fullstendig, inkludert ein kort beskriving av forretningsidéen, og korleis ho skil seg ut i markedet.

Utvelging

Innsende forretningsidéar vil bli vurdert av ein kompetent jury beståande av representantar frå Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland, og HVL Skape.

Kriterium for utvelging inkluderer innovasjon, marknadspotensial, berekraft og gjennomførbarheit.

Dei utvalde deltakarane vil bli varsla innan 16. februar 2024.

Pitchdagen

Dei utvalde deltakarane vil få høve til å presentere forretningsidéane sine under Fjellpitch, som vil bli arrangert på Campus Sogndal, 22. februar 2024.

Kvar deltakar eller team vil ha ein fastsett tid for si presentasjon, inkludert spørsmål og svar frå juryen.

Juryen vil kunngjere vinnarane etter at alle presentasjonane er gjennomførte.

Premiar

Er du den heldige bedrifta som stikk av med sigeren, vinn du ein premie til ein verdi av kr 50.000!

Det er ein pakke som kjem utruleg godt med i ein oppstartsfase som gründer

  • gratis rettleiing frå Kunnskapsparken Vestland & Sogn Næring,

  • tre månadar kontorplass på FUS,

  • kunsulent-tenester frå PwC & Gasta, og ikkje minst

  • ein pengepremie på kr 20.000,- frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

I tillegg vil ein på førehand få god hjelp i utviklinga av pitchen sin, og dermed gode råd om korleis idéen kan seljast inn.

Vi oppmodar alle ambisiøse gründerar til å delta i Fjellpitch-konkurransen og dele dei unike forretningsidéane sine med oss. Lukke til!

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med ein av arrangørane:

Bård Basberg, Sogn Næring -
bard@sognnaring.no
Stig Ove Rygg, Kunnskapsparken Vestland -
stig@kpvest.no
Ida Brastad Ramsfjell, HVL Skape -
ida.brastad.ramsfjell@hvl.no