Samhandling for å lukkast i ein marknad i rask endring

 
 

Vil du…

  • Styrke bedrifta si innovasjonskraft?

  • Utvikle ein ønska organisasjonskultur?

  • Ta første steg og kome i gang med grøn omstilling?

  • Få med alle i bedrifta til å dra i same grøne retning?

  • Forstå behova i marknaden og treffe kundane dine?

  • Forstå og møte framtidige krav og forventingar frå kundar og styresmakter?

  • Lære av andre bedrifter og erfarne rådgjevarar?

  • Få eit utvida nettverk?

. . . då er dette programmet for di bedrift!


Gjennom tre samlingar og individuell oppfølging vil du:

  • Få fagleg påfyll om organisasjonskultur som vektøy for å møte naudsynte endringar i eit grønere samfunn

  • Innovere og utvikle grønare og tenester retta mot din marknad

  • Jobbe med konkrete case-studiar frå di eiga bedrift

  • Analysere, lage ein økonomisk berekraftstrategi og få kunnskap om berekraftrapportering

  • Utvikle handlingsplanar for å realisere dine mål

  • Få verdifull sparring med erfarne rådgjevarar

  • Utvida nettverk


Tema på samlingane:

  1. Organisasjonskultur som konkurransefortrinn

  2. Innovasjonskapasitet

  3. Korleis forstå behov og "treffe marknaden"
    Korleis kome i gang med berekraftarbeidet og korleis rapportere?

  4. Operasjonalisering og implementering

INNHALD:

  • Vi fokuserer på kulturen i verksemda som eit konkurransefortrinn, korleis står det til i di bedrift – og kva praktiske grep kan gjerast for å utvikle ønskja kultur.​

  • Vi ser på kva som kjennetegnar dei bedriftene som lukkast med endring og utvikling – kva har dei gjort? Du får verktøy til å jobbe med «innovasjonsmuskelen» i bedrifta di for å utnytte bedrifta sine ressursar optimalt.

  • Du får hjelp til å kome i gang med bedrifta sitt berekraftarbeid. Her starter vi med ein vesentlegheitsanalyse som grunnlag for utvikling av ein berekraft-strategi og rapportering.

  • Bedrifta di får hjelp til å jobbe med å forstå kva dagens og framtidige kundar egentlig har behov for, og korleis kome raskare og meir kostnadseffektivt fra idè til marknad.

  • Sist, men ikkje minst skal vi jobbe med å setje tankane ut i handling:

    • kva skal til for å realisere mulegheitene som du har identifisert,

    • korleis implementere og få effekt av dine utvalde satsingar?

 

ORGANISERING:

Programmet består av 3 samlingar. Det vil vere oppfølging av forretningsutviklarar for deltakarbedriftene før, mellom og etter samlingane.

  • 3.-4.september: Lunsj-lunsj samling på Gloppen Hotell

  • 26. september: Digital samling på Teams

  • 8. oktober: Fysisk samling. Stad er ikkje bestemt.             

 

PRIS:

Deltakaravgifta er på kr 35 500,- samla for 2 personar. Det inkluderer kurs, oppfølgjing, overnatting, mat og kursmateriale for begge deltakarane. Dei som ønskjer det kan søke støtte til å dekke deltakaravgifta og timebruk gjennom Vestland Fylkeskommune si støtte til ekstraordinær opplæring i bedrifter (BIO) . Kunnskapsparken Vestland vil hjelpe til med å søke.
Kontakt Lea Myklebust (tlf. nr. : 936 50 166, e-post : lea@kpvest.no) for slik hjelp.

For bedrifter som ønskjer delta med 3 deltakarar kostar det kun 5 500,- ekstra.

 
 

PÅMELDING

Om du har spørsmål så send gjerne ein e-post til Joeril@kpvest.no med namn på bedrifta og dei som skal delta, og evt nokre ord om motivasjonen de har for å delta.

Du kan også kontakte Jøril Hovland på tlf.nr. 482 19 780.

 
 

Kurset er en del av programmet Rask næringsutvikling, støtta av Sparebanken Sogn og Fjordane.

 
kpv-teneste-lbla.png