Mange aktørar har allereie gjennomført byggeprosjekt med berekraft i fokus, og erfaringar dei har får vi høyre om på seminaret.
Eit lokalt døme er i Luster, der SIMAS sette opp ny miljøpark med høg bruk av ombruksmateriale. Og i Oslo er det gjennomført nokre større prosjekt. Høegh eigedom var byggherre for HasleTre, eit fire etasjars bygg i massivtre designa for demontering, Askara arkitekter hadde regi når Kristian Augusts gate 23 (KA23) skulle rehabiliterast med ombruk i fokus, og Haandverkerne var entreprenør for Entra da Kristian Augusts gate 13 (KA13) blei renovert og bygd på. Prosjektet hadde stort berekraftsfokus med blant anna utsleppsfri byggeplass og ein ombruksgrad på 80 %.
Vi gledar oss til å høyre dei fortelje meir om desse prosjekta.
Enova, Innovasjon Norge og Direktoratet for økonomi og forvaltning (DFØ) er aktive pådrivarar for omstilling og tilbyr finansielle støtteordningar og program for auka samarbeid. Representantar for desse organisasjonane kjem og fortel meir om korleis dei kan vere til hjelp.
Ei oversikt over alle foredragsholdarar finn du nedst i artikkelen.