Gründerbedrifta som sel ski- og kjøyreglede til folket

MF.jpg
SGN-Rakkar-2021-Foto-Bård-Basberg-7.jpg

I vinter produserte dei 2000 ski til sin nisjemarknad, i 10 forskjellige modellar. Komande vinter håper dei å selje enda meir.

  • Lokasjon: Sogndal

  • Tilsette: 3,6

  • Etablert: 2012

  • Inkubatorbedrift: 2012-2014.

  • KPV si rolle: «Vi møtte nokon som trudde på oss og ideen vår, det var verdt mykje. Dei utfordra oss og rettleia, men viktigast av alt møtte oss med ei inkluderande haldning.»


– Eg trur vi vil sjå ein koronaeffekt i vinter. Folk er meir opptatt av å handle norske produkt og fleire har fått seg hund og hytte, så då er det kanskje fleire som vil ut på ski. Skimarknaden generelt har merka ein auke, men vi er ein nisjeprodusent, så det vil vise seg om det slår ut hjå oss, fortel Marius Feen, dagleg leiar.

SGN Skis vart starta som ein idé om å lage optimale ski for norske forhold. Tur- og frikøyringsski som toler varierte forhold, med køyreglede i fokus.

– I Europa er det mange som går på tur med trening i fokus. Dei kan gjerne gå opp under skitrekket og ta heisen ned. I Noreg er skikøyringa vel så viktig som treningseffekten av turen opp. Det er dette som er konseptet vårt, å nå den målgruppa.

Det starta med ein skimodell til sals i butikk i 2013. Deretter har det vore jamn vekst, aukande tal distributørar - og i vinter har dei ti modeller.

– Det er ein vanskeleg marknad, så vi veks jamt, men treigt. Vi reknar oss vel som ei gründerbedrift, som ikkje har nådd det kommersielle punktet enda. Men eg trur vi kjem dit i løpet av 2021-22, fortel Heen.

Han er ein av tre som jobbar fulltid i selskapet i dag, medan gründerane Steinar Nes, Tore Frimanslund og brørne Dagfinn og Torgeir Sværen Henjum er på med på eigarsida og jobbar deltid med bedrifta.

– Dette er ei bedrift med mange eigarar. Vi hadde ein emisjon i 2016, der vener og familie vart med. I 2018 hadde me ein ny runde med tyngre investorar. Så i dag har vi rundt 100 aksjonærar, der gründerane er betydelege eigarar.

SGN-Rakkar-2021-Foto-Bård-Basberg-5.jpg