Falkeblikk - ein stor formidlar i liten format

Falkeblikk-Molden.jpeg

Dei har nyleg sluttført ein panoramafilm for Norsk Bremuseum til over 5 millionar kroner.

  • Lokasjon: Sogndal

  • Tilsette: 1

  • Etablert: 2010

  • Inkubatorbedrift: 2011-2014

  • KPV si rolle: Kontorplass på Campus Sogndal, tilgang til kurs og nettverk. Gode råd og rettleiing.


Falkeblikk starta med eit modellhelikopter i 2009. Tore Friele Lie fekk spørsmål om han kunne ta luftfoto i Sogndalsdalen billegare enn med helikopter. Så da kjøpte han eit modellhelikopter og festa kamera på det.

I 2010 var Falkeblikk i gang, då med Tore Friele Lie og Håvard Halvorsen. Etter kvart kom Jo Bergersen inn og saman har dei levert reklamefilm, panoramafilm, dronefilm og fotografiprodukt for blant anna NRK, TV2 og Discovery Channel.

I fleire år har dei levert materiell fast til Bergans, norsk reiseliv og produsert klipp til Japansk TV. Og i 2019 starta dei sin største produksjon: Ny kinofilm til Norsk Bremuseum, ein panoramafilm i formatet 5:1, eit format som er over dobbelt så breitt som standard kinoformat og tre gongar breiare enn ein TV. 

Ansatte_Tore.jpg

– Vi var usikre på om vi turte å ta oppdraget i starten, men vi hoppa i det. Vi har leigd inn folk og utstyr og landa ein veldig fin produksjon, fortel Friele Lie.

I dag er det berre Tore som er tilsett i Falkeblikk. Jo Bergensen flytta austover med familien i haust, medan Halvorsen jobba for fullt med nLink frå 2011. 

– Falkeblikk består, eg skal jobbe vidare med dette. No er etterspurnaden etter dronefilm ikkje slik den var for nokre år sida, då fleire har eige utstyr og hobbydronane blir betre. Dei større selskapa har eigne dronefilmarar for å ha kontroll på sikkerheit og personvern. Men folk ønskjer filmar som inkluderer dronefoto, og no jobbar eg blant anna med å presentere turistnæringa her i Sogn på oppdrag frå Visit Sognefjord, så det er nok jobb å gjere, fortel gründeren.

– Vi har reist og gjort utruleg mykje på ti år. Eg får vere ute og jobbe i dei elementa eg trivst best i, og eg har ein fleksibel arbeidskvardag. Så eg håpar eg kan fortsetje med dette, seier Friele Lie, som eigentleg studerte geomatikk og jobba i Sjøkartverket då han starta.

Vi har reist og gjort utruleg mykje på ti år. Eg får vere ute og jobbe i dei elementa eg trivst best i, og eg har ein fleksibel arbeidskvardag. Så eg håpar eg kan fortsetje med dette.
— Tore Friele Lie, gründer og dagleg leiar.
isgrotta-5499.jpg