Airlift Solutions i Bygstad

Airlift Solutions

Lokasjon: Bygstad
Etablert: 2018
Inkubator: 2019 - d.d.
Dagleg leiar, Børre Eimhjellen

Kor er bedrifta i dag?

Vi har utvikla ein drone som er laga for transport av biologisk materiale. Så har vi også fått god oversikt over marknaden innanfor helsevesenet. No står vi langt betre rusta til å kunne imøtekomme anbod når desse kjem ut.

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt?

Kunnskapsparken har vore ein viktig sparringpartnar som har bidrege til konstruktive strategiske val. Dei har bidrege til nettverksbygging og idéskaping, samt marknadsføring gjennom nettverk.

Største opptur?

Vår største opptur er at vi har vist at ein drone som er laga for integrasjoner for systema i helsevesenet, flyr trygt og sikkert.

Bedrifta om eit år?

Då er vi i posisjon til å fly delkommersielle teneste for helsevesenet.

inkubatorGasta Design