Kva skjedde med Quality Intervention?

Frå Balestrand har ein innovativ duo knekt koden på korleis effektiv sikring og tetting av oljebrønnar kan bli god butikk – for både bransje og miljø. 

  • Lokasjon: Stavanger

  • Tilsette: Globalt 50 tilsette på avdelingane som vidareutviklar Quality Intervention sin teknologi i eigarselskapet Expro.

  • Etablert: 2008

  • Inkubatorbedrift: 2008 – 2011

  • KPV si rolle: Hjelp og rådgiving i startfasen, mellom anna med fokus på forretningsplan.


Bjarne Langeteig i Expro.

Bjarne Langeteig i Expro.

Med årelang erfaring frå oljebransjen i bagasjen, tok Bjarne Langeteig og Jostein Alværn sats ut i gründerlivet.

- Som tilsette i oljeservicefirma diskuterte me ofte løysingar som kunne forenkle og forbetre arbeidet me var involvert i, men ideane forsvann ut i store firma som hausta gevinstane, forklarer Langeteig.

I 2008 såg Quality Intervention dagens lys - og verksemda blei raskt anerkjend i bransjen. Med banebrytande teknologi gav dei oljenæringa ei sikrare og meir effektiv løysing for tetting av brønnar, med gevinst for både lommebok og miljøet.

- Eit tettingsarbeid som normalt vil kosta bedrifta hundervis av millionar, kan med denne teknologien løysast nærast utan nedetid – som eit kirurgisk inngrep – med langt mindre risiko for lekkasje til miljøet.

I 2011 blei dei tildelt både Reodorprisen og DNB norsk innovasjonspris for regionen

Fleire bein å stå på

I 2019 banka det internasjonale oljeserviceselskapet Expro på døra, med eit tilbod dei ikkje kunne avslå – og kjøpte samtlege aksjar i selskapet.

- For oss blei dette eit viktig vegval. Ein kan seie at me som gründerar fekk lønn for strevet, forklarer Langeteig, og utdjupar:

- Dei to hovudteknologiane blei sett opp som to nye produktlinjer i Expro, der eg blei vice president på den eine. Med kort linje opp til leiinga har me stor påverknadskraft for den vidare utviklinga og distribusjonen av teknologien.

Som ein del av Expro gjekk dei i år kommersielt ut globalt. Teknologien som først såg dagens lys i ei vestlandsbygd blir no forvalta på nærare 50 kontor over heie verda.

- Det er ganske stort for oss. No har me folk i heile Europa, Afrika, Asia, Amerika og Midtausten, fortel Langeteig. 

- Det å bygge organisasjonen til eit globalt firma gir oss tilgang til fleire ressursar, basar og eit enormt nettverk når det kjem til sal.

- Korleis har vegen våre, frå tankar på ei notatblokk til internasjonal suksess?

- Det har vore skikkeleg spennnade og enormt slit. Me har lært mykje om å bygge firma, teknologi og ikkje minst relasjonar til menneske. Ein lærer enormt mykje medan vegen blir til.